News

Skogbrannfare og grasbrannfare i store delar av Sør-Noreg, i Nord-Noreg ligg framleis snøen – NRK Rogaland – Lokale nyheter, TV og radio

Det vert meld om brannar over heile Sør-Noreg denne helga.

I Grønsberg i Vik måtte bønder hjelpe til i sløkkinga med gyllevogn. I Åros i Asker har brannvesenet kontroll på ein skogbrann. Mannskap er framleis på Tryvann i Oslo der åtte mål vart svidd av på fredag.

Natt til laurdag vart det oppdaga heile fem grasbrannar ved Grindvoll i Moss.

I heile Sør-Noreg er der lokal fare for gras- og skogbrannar, og det ser ikkje ut til å betre seg på ei stund.

– Ein treng ordentleg nedbør

– Det har vore tørt ei stund. Spesielt no på våren, før det har blitt skikkeleg grønt, tørkar det ganske fort ut i gamal, daud vegetasjon, seier vakthavande meteorolog Julie Solsvik Vågane.

Meteorologisk institutt har meldt om lokal brannfare i alle område som er snøfrie sør for Helgeland. Dei melder at retailer område kan bli skadd om der tek til å brenne.

Men trass i at skyer og regndropar står på vêrmeldinga for nokre stadar i dagane som kjem, er ikkje det naudsyntvis nok.

– Det kan vere nokre spreidde byger på tysdag, males det er litt ordentleg nedbør som må til, seier Vågane.

– Per no er det eigentleg tørt den komande veka og, seier meteorologen.

Ekstra beredskap

Trass i forbod mot bål og open eld har brannvesenet hatt det travelt den siste tida.

Der er meldt om mange mindre gras- og lyngbrannar over heile Sør-Noreg dei siste dagane. På Sørlandet sløkka brannvesenet over 20 slike brannar førre veke.

Fleire stadar skal eingangsgrillar vere grunnen til brannane.

Brannvesenet i Vestfold oppmoda sundag folks til å sløkke eingongsgrillar med mykje vatn, gjerne ei ti-liters bøtte.

I Sauda har DSB sett inn eit ekstra skogbrannhelikopter som del av beredskapen i sør i landet.

Brannhelikopter Løvstakken Solheimsvannet

Eit slikt helikopter, her frå Bergen i 2019, er no stasjonert i Sauda som ekstra beredskap.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

Nord-Noreg redda av snø

Men nord for Helgeland er der ikkje sendt ut noko farevarsel for brann.

– Der er det ei anna historie, seier meteorologen.

Farevarselet i sør gjeld for snøfrie område. I nord ligg snøen lenger ned i låglandet, so faren for brann er betydeleg mindre.

– Der har det også vore fleire periodar med nedbør, seier Vågane.

Borstulia nord for Bodø 24. april 2022. Sola står på i spreidd bjørkleskog, og der ser ut til å ligge minst ein halvmeter snø.

I Borstulia nord for Bodø er der framleis snø på litt over 200 høgdemeter. Det gjer at ein ikkje treng vere like uroa for skogbrannar.

Foto: NRK-tipser

Det er venta at temperaturane i Sør-Noreg skal gå noko ned neste veke, trass i at det framleis er tørt. Møre og Romsdal og Trøndelag kan også få snø ned i låglandet, melder meteorologen.

– Men det er som sagt ikkje nok med nokre byger, det må ein del nedbør til, seier Vågane.



Source hyperlink

Leave a Reply

Your email address will not be published.