Politics

Omsorgsbustadane i Vistdal blir bygd

Vistdal bygdelag skal ha honnør for at dei er uthaldande og står på for bygda si. I eit lesarinnlegg i RB 14. mai kjem derimot leiar i Vistdal bygdelag, Baard Fredvig-Erichsen, med nokre påstandar som ikkje kan stå uimotsagt.

Fredvig-Erichsen skriv at administrasjonen i Molde kommune «ikke vil forholde seg til disse vedtakene», og viser til tre vedtak i kommunestyret om Vistdal bufellesskap. Kommunestyret vedtok i desember 2020 at bufellesskapet skulle renoverast. Molde eigedom KF fekk i oppdrag å renovere bygget, og kostnadane skulle dekkast av budsjettposten føretaket har til renovering og vedlikehald. Det viste seg derimot at kostnadane blei så retailer at heile budsjettposten ville gå med, og føretaket ville då ikkje hatt noko midlar til å vedlikehalde alle dei andre eigedomane dei har ansvar for. Dei sendte difor saka attende til kommunen – slik dei må gjere – med informasjon om at det ikkje kunne gjennomførast. Det er ikkje det identical som at dei ikkje vil gjennomføre det som er vedteke.

Kommunestyret vedtok i desember 2021 at det skal byggast åtte nye omsorgsbustader i Vistdal (Sak PS-112/21). Då endeleg kostnadsoverslag blei lagt fram viste det seg at det blir vesentleg dyrare enn først antatt. Kommunedirektøren innstilte difor på å redusere frå åtte til fem bustader, med grunngjeving i kostnadsoverslaget. Det å forvalte den kommunale økonomien greatest mogleg er ei av oppgåvene til kommunedirektøren, og det er ikkje kontroversielt at ein kommunedirektør si innstilling går på tvers av tidlegare vedtak. Det er ikkje det identical som at ho ikkje vil gjennomføre det som er vedteke. Ny informasjon må føre til ny vurdering. Vedtaket frå desember vart oppretthalde i kommunestyret, det skal byggast åtte omsorgsbustader i Vistdal.

foto
Vistdal bofellesskap
Foto: Kjell Langmyren

I vedtaket frå desember 2021 står det: «Driften ved Vistdal bofellesskap opprettholdes som i dag, frem til oppføring av nytt bygg starter.». Det vedtaket står, og er grunnen til at det er drift ved bufellesskapet i dag. Påstanden om at det var forsøkt nedlagt før påske stemmer ikkje. Vedtaket er dessutan at drifta skal oppretthaldast fram til det blir starta på nybygg, ikkje i all framtid som antyda i innlegget. Nybygget skal i følgje vedtaket innehalde ubemanna omsorgsbustader, eit vedtak som Vistdal bygdelag i praksis forfatta.

Fredvig-Erichsen har rett i at det ikkje er vedtak om bemanna bufellesskap i Nesset helsehus. I innstillinga frå Hovudutval for helse og omsorg var det spesifisert at det skulle opprettast bemanna bufellesskap ved Nesset helsehus. I forslaget frå Vistdal bygdelag, som fekk tilslutnad frå Kommunedelsutvalet i Nesset og fekk fleirtal i kommunestyret, var ikkje det med.

Den direkte konsekvensen av det vedtaket vil vere at andre etasje i Nesset helsehus blir teke i bruk som omsorgsbustader. Når bebuarane i Vistdal flyttar, må dei flytte til ledige plassar i bemanna bufellesskap andre stader i kommunen. Dei tilsette vil bli flytta til heimetenesta, sjukeheimen eller andre stader. Nesset omsorgsdistrikt vil då ikkje ha bemanna bufellesskap verken i Vistdal eller Eidsvåg. Det kjem ikkje til å skje, bemanna bufellesskap er eitt av dei stega i omsorgstrappa vi treng å bygge ut.

I lesarinnlegget kjem det fram at då Vistdal bygdelag fekk høyre om problema med å skaffe ferievikarar, blei det «fremskaffet fem ferievikarer» i løpet av to døgn. Før avgjerda om at bufellesskapet må flyttast før sommaren, vart det sett opp ei detaljert oversikt der dei omtalte vikarane var rekna med. Trass i at det hjelpte med dei vikarane som blei «fremskaffet», var det likevel for retailer hòl i turnusen til at det er forsvarleg. Påstanden om at fem vikarar er tilstrekkeleg til ikkje berre å oppretthalde drifta, males å ta over heimetenesta i bygda, viser berre manglande innsikt i korleis desse tenestene blir drive.

Det har gjentatte gonger vore nemnt, av meg og andre, at det viktigaste er at tenestene vi tilbyr er fagleg forsvarlege. Når det viser seg at det ikkje er råd å få til i sommaravviklinga i år er det sterkt beklageleg, og vi må ta grep for å løyse det. Dessverre er framskunda flytting av Vistdal bufellesskap eitt av fleire grep kommunen må ta.

Det er unødvendig å diskutere kompetansen til dei tilsette og pleiebehovet til bebuarane offentleg i avisa. Det blir etter mitt syn vanskeleg å forsvare med tanke på personvernet deira. Eg går difor ikkje nærare inn i den delen av innlegget, utover å kommentere at det også her er feilinformasjon.

Fredvig-Erichsen verkar overtydd om at når bufellesskapet no blir flytta før ferieavviklinga startar, er det einstydande med at det ikkje blir sett opp noko omsorgsbustader i Vistdal, og viser til erfaringslæring. Historia i tidlegare Nesset kommune kan eg ikkje uttale meg om. Eg er derimot ikkje det minste i tvil om at administrasjonen i Molde kommune er lojal til dei vedtaka som blir gjort i kommunestyret. At dei av og til kan utfordre vedtaka er noko anna enn å motarbeide eller unnlate å iverksette. Eg synest det er djupt bekymringsverdig at Fredvig-Erichsen og Vistdal bygdelag uttrykker så sterk mistillit til kommunedirektøren og administrasjonen i kommunen. I innlegget blir det sagt at tillit ikkje kan krevjast, det er noko ein må fortene. Det stemmer, males det er vanskeleg å bygge tillit hos nokon som i utgangspunktet ikkje vil gje deg ein sjanse.

Det er vedteke at det skal byggast åtte omsorgsbustader i Vistdal. Det er vedteke, og vil bli gjennomført. Det er søkt om rivingsløyve, og anbudet skal ut i løpet av seinsommaren. Det blir ikkje noko politisk omkamp på dette. Administrasjonen kjem til å følgje opp vedtaket frå kommunestyret. Tydelegare kan eg ikkje seie det.

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal

Source hyperlink

Leave a Reply

Your email address will not be published.

close