News

Kan Afrika kan ha svaret på Europas gassmangel? – NRK Urix – Utenriksnyheter og -dokumentarer

Fram til no har ein del gassprosjekt i Afrika slite med manglande investeringsvilje. Risikoen har ofte vore for høg for investorane, og det er det ulike grunnar til:

  • Ustabile regime
  • Korrupsjon
  • Tregt byråkrati
  • Behov for store investeringar på grunn av manglande infrastruktur

Men no har ting endra seg. Europas behov for gass, som ikkje er russisk, kan gjere afrikansk gass såpass ettertrakta at risikoviljen er større. Fleire selskap har starta å signere avtaler.

Analyseselskapet Rystad Energy meiner at gassproduksjon i Afrika sør for Sahara kan komme til å doble seg innan 2030. Det er i Mosambik produksjonen kjem til å vere desidert størst.

Oljeproduksjon

Flammane står frå ein oljerigg utanfor Angola. Biletet er teke i 2003, og Angola har lenge vore storprodusentar av olje og gass. Equinor har hatt fleire prosjekt i landet.

Foto: MARTIN BUREAU / AFP

Equinor vurderer stortstilt investering

Eit av selskapa er italienske Eni, som signerte ein samarbeidsavtale med Kongo-Brazzaville og Angola berre kort tid etter at krigen i Ukraina starta.

– Om store gassprodusentar som Russland eller land i Midtausten har produksjonstrøbbel, kva er då alternativet? Qatar produserer allereie for fullt, Noreg har ikkje stor nok produksjon, Japan er for langt unna, Amerika har sin eigen marknad. Så kanskje løysinga kan komme frå Afrika.

Det seier Jean-Richard Itoua til den tyske TV-kanalen Deutche Welle.

Han er såkalla hydrokarbonminister i Kongo-Brazzaville. Det betyr at han er ansvarleg for mellom anna produksjonen av naturgass i det sentralafrikanske landet som er cirka sju gonger mindre enn det meir kjente nabolandet Kongo-Kinshasa.

Norske Equinor er også ein aktør i den afrikanske gassmarknaden, med ein avtale som nyleg vart signert i Tanzania.

Til Bistandsaktuelt understrekar Equinor at det førebels berre er snakk om å planlegge vidare. Denne avtalen er ein etterfølgar av tidlegare avtaler som støtte på mykje byråkratisk krøll i Tanzania. Men med ny tanzaniansk president har det blitt ny giv i arbeidet.

– Samtidig er det klart at EUs ambisjon om å gjere seg mindre avhengig av Russland gjer det tydeleg at det er eit behov for at andre land kjem på banen. Det er bruk for pålitelege gassleverandørar utanfor Russland. I ein slik situasjon kan det også vere meir attraktivt å gjere nye investeringar, seier pressetalsmann i Equinor, Ola Morten Aanestad, til Bistandsaktuelt.

Eit gassanlegg under bygging i Sør-Afrika.

Eit gassanlegg under bygging i Virginia i Sør-Afrika. Dette prosjektet står snart klart, og har skal det mellom anna hentast ut flytande helium.

Foto: LUCA SOLA / AFP

IEA: Kan ta tid å komme i gang

Andre afrikanske land som har gjort funn av gassreservar er Mosambik, Kamerun, Nigeria, Senegal og Mauritania. Nigeria, Algerie og Egypt er allereie storprodusentar av naturgass.

To forsyningslinjer for gass er under planlegging. Begge startar i Nigeria. Den eine er planlagd gjennom Sahara-ørkenen, mens den andre er planlagd rundt kysten av Vest-Afrika.

Det internasjonale energibyrået (IEA) kom denne veka med ein rapport om utsiktene for Afrikas energisektor.

Rapporten, som er utarbeida med støtte frå Norad, viser at potensialet for flytande naturgass er stort. Det er påvist store lagre med naturgass i Afrika som det ikkje er gjort noko med.

Men sjefen for Det internasjonale energibyrået, Dr. Fatih Birol, meiner at det vil ta tid før dette er gass som vil løyse europeiske problem.

– Nokre av prosjekta i Afrika vil ta ein del tid. Det finst nokre enkle løysingar, slik som eksport frå Algerie, og kanskje litt frå Egypt. Men dei andre prosjekta det er snakk om kan ta litt tid, seier Birol til NRK.

Behov for gass i industrien

Det kan vere fleire skjær i sjøen for dei afrikanske landa som ønskjer å starte med gassutvinning.

Fordi rapporten frå IEA viser også til EU sin plan om å bli mindre avhengige av gass, og at det dermed vil bli mindre behov for import av gass til Europa etter 2030.

Men behov for afrikansk gass vil det likevel vere, seier sjefen for energibyrået.

Han understrekar at elektrisitet bør i størst mogleg grad komme frå fornybare kjelder, men at gass uansett vil vere viktig i produksjon av ulike typar varer.

– Eg håper verkeleg at deler av den afrikanske gassproduksjonen blir brukt til å møte afrikanske behov. Slik som til matproduksjon, desinfisering av vatn og produksjon av sement og stål, seier Birol, som meiner at det uansett må gjerast meir for å få til investeringar i energiprosjekt i Afrika.

Oljeanlegg i Nigeria

Eit stort anlegg for olje og gass på Bonny Island utanfor Nigeria. Anlegget er eigd av Shell, som har fått kritikk for utslepp av olje, og som også har opplevd omfattande sabotasje på oljerøyrleidningar.

Foto: PIUS UTOMI EKPEI / Afp

– Investorar ser at det er eit stort potensial, men risikoen med å investere er ganske høg. Derfor må dei multilaterale bankane på banen, slik at dei reduserer risikoen og sikrar finansiering til afrikanske land. Det kan igjen frigjere privat kapital, seier Birol.

Han trur ikkje at afrikanske land vil klare å få løyst sin mangel på energi om det ikkje blir gjort tiltak til å minske risikoen.

– Om me berre lar marknadskreftene få styre på, og ikkje gjer noko for å bryte inn, så trur eg ikkje me vil sjå noko endring i mangelen på energi i Afrika.

Dei neste åra er det planlagd oppstart av fleire gassprosjekt i Afrika. Endå fleire er under planlegging. Ei oversikt som norske Rystad Energy har laga viser at prosjekta omfattar store delar av kontinentet.

I desse afrikanske landa er det anten sett i gang prosjekt for utvinning av naturgass, eller så er det konkrete planar for dette.

Source link

Leave a Reply

Your email address will not be published.