News

Her ryggar politiet frå Bråthen – NRK Norge – Oversikt over nyheter fra ulike deler av landet

Overvakingsvideoane er frå då den første politipatruljen kom til Coop-butikken i Kongsberg der Espen Andersen Bråthen skaut rundt seg med pil og boge.

Videoane er tekne på omtrent same tidspunkt, men frå to ulike overvakingskamera inne i butikken. Politiet presiserer at videoane ikkje er synkrone, då dei er nokre få sekunds tidsforskyving på videoane.

Bråthen skyt mot politimennene

Eit viktig tema i samband med hendingane i Kongsberg har vore at politiet gjekk inn i Coop-butikken utan verneutstyr.

Det var grunnen til at dei rygga ut igjen då dei vart skotne etter med pil og boge.

Dei to politimennene som kom først til butikken, hadde fått beskjed om at kollegaen Rigoberto Villarroel var blitt skoten og hadde ei pil i ryggen.

I videoen fra inngangspartiet ser man at det avfyres to skudd med pil og bue mot tjenestemennene.

– Det er denne personen ein ser inne på butikken på dei opptaka som no blir frigitte, skriv politiet i pressemeldinga der dei frigir videoane.

Dei skriv vidare at det har gått va seks minutt frå han blei treft av ei pil til ein ser Villaroel på videoane.

Publiserte evalueringsrapport

Politihøgskolen har i dag publisert ein rapport om Kongsberg-hendingane. I rapporten skriv utvalet at patruljane gjorde kvalifiserte vurderingar for bruk av verneutstyr.

Samtidig skriv utvalet at «første patrulje, etter å ha fått sambandsmeldinga om ein politimann som var skoten, og dei såg vedkommande med ei pil i ryggen, like fullt tok ein uforholdsmessig stor risiko ved ikkje å ta i bruk meir verneutstyr».

– Det gjorde at dei kom til staden fleire minutt raskare enn dei elles ville gjort, seier politiinspektør ved Politihøgskolen Steinar Vee Henriksen

Utvalet påpeikar at vala for bruk av verneutstyr kan ha hatt innverknad på oppdragsløysinga.

Politiet forklarte seg i retten

Politiet forklarte seg i retten om vurderinga dei kom til Coop-butikken.

Politimannen som gjekk først inn i butikken seier at dei vurderte situasjonen så kritisk at dei måtte ta seg raskt inn i bygget.

– Det er opp til den einskilde patrulje å ta på fullt verneutstyr. Vi vurderte det slik her at vi måtte få kontroll raskt over gjerningspersonen, sa han i retten.

Source link

Leave a Reply

Your email address will not be published.